|
|
Du har ikkje tilgangsrett til å sjå denne sida. Du må logge inn.
|
|
|
|
"Fantastiske skiforhold!" |
|
måndag 12. mai 2008 |
Kjempevær ogflotte løyper i pinsehelga på Vikjafjellet, på grensa mellom Voss ogHordaland.
Den lovande fyrsteårssenioren Sjur Røthe frå Voss var sværtgod nøgd med dei innbydande løypene på Vikjafjellet. "Kjempeforhold ogfantastisk å kunne kome hit å få halvtimesrundar på ski i den knapt 10km lange løypa", seier vossingen som ser fram til mykje trening i detteområdet framover sommaren.
Sesongen til Sjur var i år litt opp og ned, spesielt i starten. "Eghadde litt stang ut i junior- VM og det gjekk ikkje heilt min veg, meneg fekk ein god avsluttning med seier i norgescupfinalen." Han har vistfleire gonger at han kan gåfort på ski og vinne skirenn, og Sjur har fått god motivasjon etterden gode avsluttninga. Han var tidleg ute på Vikafjellet både laurdag og søndag,iført shorts og t-sjorte. "Det er godt å få avveksling frå rulleskia, ogbetre forhold enn her finn du knapt nokon stad", avsluttar Røthe
Til hausten reiser han mest sansynleg til Lillehammer. "Eg har mange kompiser å trene medder og forholdene er stabilt gode", forklarer 20- åringen.

Løypekøyrar, Terje Mørkve, har i år kjøpt seg ny tråkkemaskin, og i helga fekk han prøva det nye "gliset" sitt. Mange har skryta av perfekte løyper, og mykje tyder på at Terje kjem til å køyra løyper neste helg og. Birkebeinerekspert Olav Fjærestad Brekke frå Vik til høgre er imponert over maskineriet og dei flotte løypene |
|
Sist oppdatert ( sundag 10. januar 2010 )
|
|
|
|
|
|