Vik I Sogn
sundag 13. april 2008

Geografi:

Vik i Sogn ligg på sørsida av Sognefjorden, og er den lengste fjorden i verda.
Du kan koma til Vik via:
  • riksveg 13 over Vikjafjellet frå Bergen og Oslo
  • fergesambandet Vangsnes - Hella – Dragvik, som tek deg over Sognefjorden frå Sogndalsområdet
  • hurtigbåt til Bergen

vik.jpg










Avstandar:
 
 
  • Gardermoen (Oslo)- Vik: 400 km
  • Flesland (Bergen)- Vik: 170 km
  • Voss jernbanestasjon- Vik: 70 km
  • Haukåsen (Sogndal flyplass)- Vik: 70 km
  • Lillhammer- Vik: 335 km
  • Sirdal- Vik: 435 km
  • Trondheim- Vik: 470 km

Om Vik kommune:

Vik kommunen utgjer fem bygdelag: Arnafjord, Vik (sentrumsområdet), Vangsnes, Feios og Fresvik, rekna frå vest mot aust innetter fjorden. Alle desse stadene har i dag offentlege tilbod som skule, barnehage, bibliotek og grendahus, samt ein landhandel i kvart bygdalag.Det bur omlag 2800 innbyggjarar i Vik, og kommunen har eit variert arbeidsliv, med ei blanding av industri, jordbruk og reiseliv.
arnafjord.jpgvangsnes.jpg














Vik skisenter:

Vik skisenter er bygd av Vik IL i samarbeid med Vik kommune og næringslivet, samt ein formidabel bygdedugnad (totalkostnad ca 30 mill kr). Skisenteret ligg på Kålsete og inneheld skiskyttaranlegg og rulleskibane, samt 5 hoppbakkar (frå K60 og nedover), skileikbakke, skitrekk, liten alpinbakke, lavo og skistove.

img1.jpg






Vik Fjell- landsby:

Vik fjell-landsby er eit veldig spennande prosjekt under utvikling. Dei fyrste hyttene er under opparbeiding og fjell-landsbyen forventar nærare 200 hytter på sikt, samt eit større alpinanlegg. Vik skisenter ligg i nær tilknytning til fjell-landsbyen.

 


Severdigheiter:

Litt ut frå sentrum byr naturen på mange opplevingar for dei som interesserer seg for friluftsliv og kultur:
  • Høgdegardane Grønsberg på Seljadalen og Le i Framfjorden.
  • På Vangsnes står statua av Fridtjov den Frøkne.
  • Den isolerte veglause garden Finnabotn er ei naturperle.
  • Vikafjellet er inngangsport til Stølsheimen
  • Gamalosten
  • Fresvikbreen ligg innafor kommunen sine grenser
  • Kommunen har fem kyrkjer i aktiv bruk, i tillegg til to middelalderkyrkjer
  • Skisenteret på Kålsete
 
  • Avstanden mellom fjord og høgfjell er kort. På Vikafjellet kan kan du gå på ski til langt ut på sommaren, samtidig som ein kan nyta eit svalande bad i Sognefjorden


stavkyrkje_2.jpghovekyrkja_2.jpgtelemark_kyring.jpgfridtjov.jpg









Turløyper:

I kommunen finnes det i dag omlag 40 merka og umerka turløyper, i tillegg til Bergen Turlag sine merka løyper i Stølsheimen. Turkarta er produsert i målestokk 1:50000 for heile kommunen, og i målestokk 1:10000 for sentrum i dei 5 grendelaga. Informasjon om dei ymse turane finn du på informasjonstavler som er sett opp ymse stader i kommunen. 

Fiske:

På Vikafjellet er det rikeleg høve til aurefiske i vatna og i elvane. Vi kan også tilby fiskekort for laksefiske i Vikja, som er vart kåra til Norges beste lakse-elv pr.kvadratmeter eit år.

Overnatting:

I kommunen er det ei rad overnattingsbedrifter. I tillegg finns det mange bustader for bærplukkarar som står ledig for utleige store delar av året.  
Sist oppdatert ( måndag 14. april 2008 )